1 Men i det sjuande året tok Jojada mot til seg og gjorde ein avtale med nokre av hundremannsførarane. Det var Asarja, son til Jeroham, Ismael, son til Johanan, Asarja, son til Obed, Ma’aseja, son til Adaja, og Elisjafat, son til Sikri.
2 Så fór dei ikring i Juda og samla levittane frå alle Juda-byane og ættehovdingane i Israel.Då dei kom til Jerusalem,
3 gjorde alt folket som var samla, ei pakt med kongen i Guds hus. Og Jojada sa til dei: Denne kongssonen skal vera konge, så som Herren har sagt om Davids søner.
4 Høyr no kva de skal gjera: Ein tredjepart av dykk, dei prestane og levittane som kjem og gjer teneste på sabbaten, skal halda vakt ved dørstokkane,
5 den andre tredjeparten ved kongsgarden, den tredje ved Jesod-porten og alt folket i føregardane til Herrens hus.
6 Men ingen må koma inn i Herrens hus så nær som prestane og dei levittane som gjer teneste. Dei kan gå inn, for dei er heilage. Men alle dei andre må halda seg etter Herrens føresegn.