17 Han set seg føre å få heile riket åt kongen i sør i si makt. Difor gjer han ei semje med han og gjev han ei av døtrene sine til kone. Såleis vil han øydeleggja riket hans. Men det skal ikkje lukkast for han.
18 Så vender han seg mot landa langsmed havet og tek mange av dei. Men ein hærførar gjer ende på hovmodet hans og gjev han att for stormodet hans.
19 Då vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han snåvar og fell, og det er ute med han.
20 I hans stad skal det koma ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er ein prydnad for riket. Kort tid etter vert han knust, men ikkje på grunn av Guds vreide og ikkje i krig.
21 I hans stad skal det koma ein usling. Han er ikkje etla til konge, men kjem uventa og riv til seg kongedømet med list.
22 Hærstyrkar vert bortsopte og knuste framfor han – like eins han som vernar pakta.
23 Etter at han har gjort samband, fer han med svik. Han dreg ut, og med lite folk vinn han herredømet.