40 I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer over dei som ein flaum.
41 Han dreg inn i det fagre landet, og mange tusen skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane.
42 Han retter handa ut mot land etter land, og heller ikkje Egypt skal gå fri.
43 Han får makt over alle løynde skattar, gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Jamvel libyarane og nubiarane må fylgja han.
44 Då skal rykte frå aust og frå nord skræma han, og han tek ut i stor harme, vil rydja ut mange og via dei til døden.
45 Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det fagre, heilage fjellet. Men så ber det mot slutten med han, og det er ingen som hjelper han.