17 Så kom han bort til den staden der eg stod, og då han kom, vart eg redd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Høyr, menneske! For synet gjeld endetida.»
18 Medan han tala til meg, låg eg sanselaus med andletet mot jorda. Men han tok i meg, reiste meg opp
19 og sa:«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for synet gjeld endetida.
20 Veren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia.
21 Den raggete bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den fyrste kongen.
22 Når dette hornet vart avbrote, og det voks opp fire andre i staden, tyder det at det skal koma fire kongerike av folket hans, men dei skal ikkje ha same kraft som han.
23 Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge.