2 Ver stille, ¬de som bur utmed havet,og de som driv handel i Sidon!Over havet ¬fór dine utsende menn,
3 over dei store hav.Av korn som dei sår ved Sjikor,og korn som dei haustar ¬ved Nilen,hadde byen si inntekt;han handla med mange folk.
4 Ver skamfull, Sidon,du faste borg utmed havet!For så seier havet:«Eg har ikkje rier ¬og får ikkje born;unge gutar har eg ikkje ale,og unge jenter ¬har eg ikkje fostra.»
5 Når dei får høyra ¬om dette i Egypt,skjelv dei ved tidenda ¬om Tyrus.
6 Far over til Tarsis,set i med klagerop,de som bur utmed havet!
7 Er dette dykkar jublande by,som vart til i eldgamal tid,som førte sitt folk på raske føtertil framande land, ¬der dei kunne bu?
8 Kven har sett seg føre dettemot Tyrus, ¬dronninga mellom byar,der handelsmenn var fyrstarog kræmarar ¬stormenn på jorda?