1 Men høyr no, Jakob, ¬min tenar,du Israel, som eg har valt ut!
2 Så seier Herren,han som har skapt deg ¬og laga degog hjelpt deg alt frå mors liv:Ver ikkje redd, ¬du min tenar Jakob,Jesjurun, som eg har valt ut!
3 For eg vil renna vatn ¬over det tyrsteog straumar over det turre.Min Ande vil eg renna ut ¬over di ættog mi velsigning ¬over dine etterkomarar.
4 Dei skal veksa opp ¬som sev i vatn,som poplar attmed bekkefar.
5 Ein skal seia: ¬«Eg høyrer Herren til»,ein annan skal kalla seg ¬med Jakobs namn.Ein skal skriva i si hand: ¬«For Herren»,og Israel skal han få ¬til ærenamn.