1 Reis deg i stråleglans!For ljoset ditt kjem,og Herrens herlegdom ¬renn opp over deg.
2 Sjå, mørker ligg over jordaog skydimme over folka.Men over deg ¬strålar Herren fram,over deg ¬syner hans herlegdom seg.
3 Mot ditt ljos skal folkeslag fara,mot din strålande glans ¬skal kongar gå.
4 Lyft augo og sjå deg ikring!Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg.Dine søner ¬kjem langt bortanfrå,dine døtrer ¬vert borne på armen.
5 Då skal du sjå det ¬og stråla av glede,hjarta skal banka og vida ¬seg ut.For havsens rikdom ¬strøymer imot deg,skattane åt folka kjem til deg.
6 Kamelar i mengd fyller landet,kamelfolar frå Midjan og Efa.Dit kjem alle frå Saba,gull og røykjelse ¬fører dei med seg.Med glede forkynner dei ¬Herrens pris.