5 Då skal du sjå det ¬og stråla av glede,hjarta skal banka og vida ¬seg ut.For havsens rikdom ¬strøymer imot deg,skattane åt folka kjem til deg.
6 Kamelar i mengd fyller landet,kamelfolar frå Midjan og Efa.Dit kjem alle frå Saba,gull og røykjelse ¬fører dei med seg.Med glede forkynner dei ¬Herrens pris.
7 Alle sauer frå Kedar ¬samlast hjå deg,verar frå Nebajot ¬står til di teneste.Til glede for meg ¬skal dei ofrast på mitt altar,og eg vil pryda ¬mitt herlege tempel.
8 Kven er dessesom kjem lik drivande skyer,lik duer som flyg til sine hus?
9 Øyar og strender ventar ¬på meg.Fremst går Tarsis-skipa.Langt bortanfrå ¬fører dei dine sønerog deira gull og sølv med dei,til ære for namnet ¬åt Herren din Gud,for Israels Heilage, ¬som gjev deg slik heider.
10 Framande skal byggja ¬dine murar,og deira kongar skal tena deg.I min harme har eg slege deg,men i min nåde ¬miskunnar eg deg.
11 Dine portar skal alltid ¬stå opne,korkje dag eller natt ¬skal dei stengjast,så rikdomen åt folka ¬kan førast til degog kongane deira ¬i fangeflokken.