6 Det finst ingen ¬som kallar på ditt namn,ingen som tek seg samanog held fast på deg.For du har løynt ditt åsyn ¬for ossog gjeve oss våre synder i vald.
7 Men du, Herre, er då vår far!Vi er leira, og du har skapt oss,alle er vi eit verk av di hand.
8 Herre, ¬lat ikkje harmen din loga,kom ikkje evig i hug vår skuld!Sjå ned til oss,vi er då alle ditt folk!
9 Aude ligg dine heilage byar,Sion er ei øydemarkog Jerusalem ei audn.
10 Vårt heilage, herlege tempel,der fedrane våre lova deg,har vorte eit rov for elden.Alt det vi var glade i, ligg i røys.
11 Kan du roleg sjå på dette, ¬Herre,teia og audmykja oss så djupt?