12 For liksom kvinna vart til av mannen, så vert mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud.
13 Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet?
14 Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår,
15 medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør.
16 Men vil nokon skapa strid, så skal han vita at den sedvanen har ikkje vi, og heller ikkje Guds kyrkjelyd.
17 Når eg no gjev dykk mine påbod, er det ein ting eg ikkje kan rosa dykk for: De kjem saman på ein slik måte at det ikkje vert til gagn for dykk, men til skade.
18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk når de samlast i kyrkjelyden, og eg trur at det er noko i det.