30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av.
31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde.
32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.
33 Difor, mine brør: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre!
34 Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om det andre skal eg gje føresegner når eg kjem.