2 Ved det vert de frelste dersom de held fast på det ordet eg forkynte – så sant de ikkje til fånyttes har kome til tru.
3 For fyrst og fremst overgav eg dykk det som eg sjølv hadde motteke,at Kristus døydde for syndene ¬våre etter skriftene,
4 at han vart gravlagd,at han stod opp att ¬tredje dagen etter skriftene,
5 og at han synte seg for Kefas ¬og deretter for dei tolv.
6 Så synte han seg for meir enn fem hundre brør på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre er avsovna.
7 Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.
8 Og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.