52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.
53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom.
54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen.
55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger?
56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova.
57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!
58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.