1 Beint ut sagt: Ein høyrer om hor hjå dykk, og det slikt hor som ikkje eingong vert tolt hjå heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin.
2 Og de er hovmodige! De skulle heller syrgja, så den som har gjort dette, kunne verta utstøytt ifrå dykk.
3 For eg, som er fråverande med lekamen, men hjå dykk i ånda, eg har alt felt domen over den skuldige, som om eg var til stades:
4 De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss.