14 Dei er stadig på utkikk etter skjøkjer, og på synd er dei umettande. Dei forfører ustøe sjeler, og dei kan kunsten å kara til seg. Under forbanning er dei!
15 For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett.
16 Men han vart tala til rettes for si misgjerning; eit umælande esel tala med mannemål og stogga profeten i hans vitlause framferd.
17 Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente.
18 For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt.
19 Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av det moralske forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av.
20 For når nokon har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus og har kome fri frå det ureine i verda, og dei så atter lèt seg fanga av dette og ligg under for det, då er dei verre farne enn før.