2 Mange kjem til å fylgja dei i deira syndige liv, og for deira skuld vert sanningsvegen spotta.
3 Havesjuke som dei er, fer dei med dikt og lygn for å få pengar ut av dykk. Men alt lenge har dei hatt domen hangande over seg, og fortapinga ventar på dei.
4 For Gud sparte ikkje eingong englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei vert haldne i varetekt i mørke holer heilt til domen.
5 Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, rettferdsforkynnaren, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd med ugudelege menneske.
6 Byane Sodoma og Gomorra dømde han til undergang og la dei i oske; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv.
7 Men han berga den skuldlause Lot, som leid når han såg kor vilt dei levde, desse agelause menneska.
8 Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alt det vonde dei gjorde.