1 Mine brør! Ikkje mange av dykk bør verta lærarar; for de veit at vi skal få dess strengare dom.
2 Alle misfer vi oss ofte. Den som ikkje misfer seg i ord, er ein fullkomen mann som greier å styra heile lekamen.
3 Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten.
4 Ja, jamvel store skip som vert drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil.
5 Sameleis er det med tunga: Ho er ein liten lem, men kan skryta av store ting. Tenk på at ein liten eld kan setja den største skog i brann!