2 Alle misfer vi oss ofte. Den som ikkje misfer seg i ord, er ein fullkomen mann som greier å styra heile lekamen.
3 Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten.
4 Ja, jamvel store skip som vert drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil.
5 Sameleis er det med tunga: Ho er ein liten lem, men kan skryta av store ting. Tenk på at ein liten eld kan setja den største skog i brann!
6 Men tunga er òg ein eld. Som ei verd av vondskap har ho sin plass blant lemene våre. Ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i brann, men vert sjølv sett i brann av helvete.
7 Mennesket er slik skapt at det kan temja alle andre skapningar, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar.
8 Men tunga kan ikkje noko menneske temja, ustyrleg og vond som ho er, full av drepande gift.