36 Då sa jødane: «Sjå kor kjær han hadde han.»
37 Men somme av dei sa: «Han som opna augo på den blinde, kunne ikkje han ha laga det så at denne mannen ikkje hadde døytt?»
38 Jesus vart atter oppøst og gjekk bort til grava. Det var ei hole, og det låg ein stein framføre.
39 «Ta steinen ifrå!» seier Jesus. «Herre,» seier Marta, syster til den avlidne, «det luktar alt av han; han ligg i grava på fjerde dagen.»
40 Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?»
41 Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg.
42 Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette for folket skuld som står her ikring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.»