48 Lèt vi han halda fram såleis, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.»
49 Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting.
50 De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne.»
51 Det sa han ikkje av seg sjølv. Men av di han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket.
52 Ja, han skulle ikkje berre døy for folket; men han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde ikring.
53 Frå den dagen la dei planar om å drepa han.
54 Difor gjekk ikkje Jesus fritt ikring mellom jødane lenger, men tok ut derifrå og fór til landet bortmed øydemarka, til ein by som heiter Efraim. Der var han ei tid saman med læresveinane sine.