14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
15 Elskar de meg, så held de boda mine.
16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:
17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk.
18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk.
19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.
20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.