24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.
25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk.
26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
27 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause!
28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Faderen; for Faderen er større enn eg.
29 No har eg sagt dykk det før det hender, så de skal tru når det hender.
30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for hovdingen over denne verda kjem. Han har ikkje noko krav på meg;