21 Når ei kvinne skal føda, er ho ottefull av di tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hadde det, så glad er ho fordi eit menneske er født til verda.
22 Sameleis er det med dykk. No er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk.
23 Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.
24 Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Bed, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen.
25 Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen.
26 Den dagen skal de be i mitt namn. Eg seier ikkje at eg skal be Faderen for dykk;
27 for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud.