9 Synda er at dei ikkje trur på meg;
10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger;
11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.
12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no.
13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.
14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk.
15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.