6 «Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,» sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått.
7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen.
8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog nota med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre to hundre alner om lag.
9 Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød.
10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk,» sa Jesus til dei.
11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota.
12 Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren.