9 Så bad Jakob: «Du min far Abrahams Gud, du min far Isaks Gud! Herre, du som sa til meg: Dra tilbake til landet ditt og slekta di, så skal eg gjera vel imot deg!
10 Eg er ikkje verd all den miskunn og truskap som du har vist tenaren din. For med berre staven min gjekk eg over Jordan, og no har eg to leirar.
11 Berg meg frå handa til Esau, bror min! Eg er redd han. Han kan koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.
12 Du sa at du ville gjera vel imot meg og la ætta mi bli som havsens sand, som ingen kan telja.»
13 Og han var der den natta.Av det han eigde, tok han ut ei gåve til bror sin, Esau:
14 to hundre geiter og tjue bukkar, to hundre sauer og tjue vêrar,
15 tretti kamelar som gav mjølk, og føla deira, førti kyr og ti oksar, tjue eselhopper og ti esel.