3 samrådde han seg med stormennene og krigsheltane sine om å tetta for vatnet i kjeldene utanfor byen, og dei støtta han i det.
4 Det samla seg då mykje folk, og dei tetta att alle kjeldene og elva som renn gjennom landet. Dei sa: «Kvifor skulle kongen av Assur koma og finna rikeleg med vatn?»
5 Kongen styrkte makta si. Han bygde opp att heile den delen av muren som var nedriven, og reiste tårn på han. Han førte opp ein ny mur utanfor den gamle, og han gjorde Millo i Davidsbyen sterkare. Han fekk laga ei mengd med våpen og skjold.
6 Så sette han hærførarar over folket, samla dei hos seg på plassen framfor byporten og tala oppmuntrande til dei:
7 «Ver modige og sterke! Ver ikkje redde og lat dykk ikkje skremma av assyrarkongen og heile den hæren han har med seg. For den som er med oss, er større enn den som er med han.
8 Berre menneskeleg styrke er med han, men Herren vår Gud er med oss. Han skal hjelpa oss og føra våre krigar.» Og folket vart styrkt av orda til Hiskia, Juda-kongen.
9 Etter dette sende Sanherib, kongen av Assur, som låg ved Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var i Jerusalem. Dei skulle seia: