4 Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg vil la det regna brød ned til dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Slik vil eg setja dei på prøve og sjå om dei følgjer mi lov eller ikkje.
5 Når dei den sjette dagen lagar til det dei har henta, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar kvar dag.»
6 Så sa Moses og Aron til alle israelittane: «I kveld skal de forstå at det var Herren som førte dykk ut frå Egypt.
7 Og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom, for han har høyrt korleis de klagar til han. Men kven er vel vi, sidan de klagar til oss?»
8 Moses heldt fram: «I kveld skal Herren gje dykk kjøt å eta og i morgon brød å metta dykk med. For Herren har høyrt korleis de har klaga til han. Men kven er vi? Det er ikkje over oss de klagar, men over Herren.»
9 Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels forsamling: Kom fram for Herren, for han har høyrt korleis de murrar!»
10 Medan Aron tala til Israels forsamling, vende dei seg mot ørkenen. Og sjå, Herrens herlegdom synte seg i skyene.