17 Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy.
18 Det kan henda at to menn kjem i trette. Den eine slår den andre med ein stein eller med knyttneven så han blir sengeliggjande, men han døyr ikkje.
19 Dersom han kan stå opp att og gå ute med stokk, skal han som slo, sleppa straff. Han skal berre betala skadebot for den tida han har tapt, og syta for at han blir heilt frisk att.
20 Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne med stokk, så slaven døyr for hans hand, då skal det hemnast.
21 Men lever slaven ein dag eller to, skal det ikkje hemnast, slaven er jo hans eigedom.
22 Det kan henda at nokon slåst og støyter til ei gravid kvinne så ho mistar barnet, men sjølv ikkje blir skadd. Då skal den skuldige betala den skadebota som mannen hennar pålegg han, og det skal skje hos dommarane.
23 Men skjer det ein skade, skal du bøta liv for liv,