3 Så skal du laga fat til å samla opp den feite oska, og eldskuffer, offerskåler, kjøtgaflar og glopanner. Alt utstyret til altaret skal du laga av bronse.
4 Du skal laga ei rist til det, ein bronsenetting. På nettingen skal du laga fire bronseringar, ein i kvart hjørne av altaret.
5 Så skal du leggja rista nedst, under kanten som er omkring altaret, slik at ho når midt opp på altaret.
6 Du skal laga stenger til altaret av akasietre og kle dei med bronse.
7 Stengene skal stikkast inn i ringane så dei sit på begge sidene av altaret når det blir bore.
8 Altaret skal vera holt og laga av treplankar. Det skal lagast slik det vart synt deg på fjellet.
9 Du skal laga ein føregard til bustaden. Mot sør, på sørsida av føregarden, skal det vera eit omheng av fint, tvinna lin. Det skal vera hundre alner langt på denne sida,