25 Han laga røykjelsesaltaret av akasietre. Det var firkanta, ei alen langt, ei alen breitt og to alner høgt. Horna på altaret gjekk i eitt med det.
26 Både toppen, sidene og horna kledde han med reint gull, og han laga ein gullkant som gjekk rundt det.
27 Nedanfor kanten, på begge sider, sette han to gullringar. Dei var haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kunne berast.
28 Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull.
29 Og han laga den heilage salvingsoljen og den reine, velluktande røykjelsen slik ein salveblandar gjer det.