16 Alle omhenga rundt føregarden var av fint, tvinna lin.
17 Soklane til søylene var av bronse, hakane og stengene til dei var av sølv, og søylehovuda var kledde med sølv. Alle søylene i føregarden hadde sølvband.
18 Til porten inn til føregarden var det eit forheng i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad. Teppet var tjue alner langt og fem alner høgt, etter breidda på veven, liksom omhenga rundt føregarden.
19 Til forhenget var det fire søyler med soklar av bronse. Hakane var av sølv, og søylehovuda og banda var kledde med sølv.
20 Alle pluggane til bustaden og føregarden rundt han var av bronse.
21 Her er rekneskapen for bustaden – vitnemålsbustaden. Moses baud levittane setja bustaden opp, og Itamar, son til presten Aron, leidde arbeidet.
22 Besalel, son til Uri, son til Hur frå Juda-stammen, hadde gjort alt det som Herren hadde pålagt Moses.