20 Kva meir skal David seia til deg? Du kjenner då tenaren din, Herre Gud.
21 For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din.
22 Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med eigne øyre.
23 Kven er som folket ditt, som Israel? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til for å fria ut og gjera til sitt eige. Han skapte seg eit namn og gjorde store og skremmande gjerningar for dykk – og for landet ditt. Du fria folket ditt ut av Egypt, frå folka og gudane deira.
24 Du fastsette at Israel, folket ditt, skulle vera ditt folk til evig tid. Og du, Herre, vart deira Gud.
25 Lat no, Herre Gud, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, stå fast til evig tid, og gjer som du har sagt!
26 Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren over hærskarane er Gud over Israel. Og huset til David, tenaren din, skal stå urokka for ditt andlet.