20 og sønene til Merari og slektene deira: Mahli og Musji. Dette er Levi-slektene og familiane deira.
21 Til Gersjon høyrde slektene til Libni og Sjimi. Det er slektene til Gersjon-sønene.
22 Dei som vart mønstra frå desse slektene, var 7500 i talet. Alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, vart mønstra.
23 Slektene til Gersjon-sønene slo leir bak bustaden, mot vest.
24 Leiaren for familien deira var Eljasaf, son til Lael.
25 Gersjon-sønene skulle ta seg av teltheilagdomen, sjølve bustaden og teltet, taket på det og forhenget framfor opninga til teltheilagdomen,
26 omhenget rundt føregarden som låg kring bustaden og altaret, forhenget framfor opninga inn til føregarden, snorene og alt arbeidet med dette.