28 Då alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var talde, var det 8600 mann som skulle utføra oppgåvene ved heilagdomen.
29 Slektene til Kehat-sønene slo leir på sørsida av bustaden.
30 Leiaren for familien deira var Elisafan, son til Ussiel.
31 Dei hadde ansvaret for paktkista, bordet, lysestaken, altara, tinga som dei nytta ved tenesta i heilagdomen, og forhenget og alt arbeidet med dette.
32 Den øvste leiaren for levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen.
33 Til Merari høyrde Mahli-slekta og Musji-slekta. Det er Merari-slektene.
34 Talet på dei som vart mønstra, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 6200.