4 Når ei ung kvinne som enno bur heime hos far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til å halda seg frå noko,
5 og far hennar får høyra om lovnaden og kva ho har bunde seg til, men ikkje seier noko til henne om det, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.
6 Men dersom far hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då skal ingen av lovnadene eller dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Og Herren skal tilgje henne, for faren sa nei til henne.
7 Set at ho, når ho blir gjeven til ein mann, har ein lovnad på seg eller har bunde seg med eit tankelaust ord som kom over leppene hennar.
8 Dersom mannen hennar får høyra om det, men ikkje seier noko til henne same dagen som han høyrer om det, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag.
9 Men dersom mannen hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, ugyldig, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Herren skal tilgje henne.
10 Når ei enkje eller ei fråskild kvinne gjev ein lovnad, skal alt ho har bunde seg til, stå ved lag.