11 Den eine skal presten ofra som syndoffer og den andre som brennoffer og slik gjera soning for han, for lovbrotet som skjedde då han kom nær liket. Same dagen skal han helga hovudet sitt på nytt.
12 Han skal via seg til Herren for like lang tid som han først hadde lova, og bera fram eit årsgammalt lam som skuldoffer. Den første tida fell bort fordi hovudet hans vart ureint medan det var innvigd.
13 Dette er lova for nasirearen: Den dagen nasireartida hans er over, skal han førast fram for opninga til teltheilagdomen.
14 Han skal bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgammalt vêrlam utan feil som brennoffer, eit årsgammalt, feilfritt holam som syndoffer og ein feilfri vêr som fredsoffer,
15 ei korg med usyra brød av fint mjøl, forma som kaker med olje i og usyra kjekskaker smurde med olje, dessutan grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
16 Dette skal presten bera fram for Herren. Han skal ofra det som syndoffer og brennoffer for mannen.
17 Vêren skal han laga til som fredsoffer for Herren saman med korga med dei usyra brøda. Presten skal bera fram grødeofferet og drikkofferet hans.