4 Så lenge han er nasirear, skal han ikkje eta noko som kjem frå vinstokken, ikkje eingong druekjernar eller skal.
5 Så lenge nasirearlovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet hans. Heilt til dagane han er vigd til Herren, er over, skal han vera heilag. Han skal la håret på hovudet veksa og hanga fritt.
6 Så lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma nær lik.
7 Om far eller mor, bror eller syster døyr, må han ikkje gjera seg urein for deira skuld. For hovudet hans ber teiknet på at han er vigd til sin Gud.
8 Så lenge han er nasirear, er han heilag for Herren.
9 Men dersom nokon døyr brått og uventa heilt inntil han, så hovudet hans blir ureint medan det er innvigd, skal han barbera hovudet den dagen han blir rein. Den sjuande dagen skal han barbera det.
10 Den åttande dagen skal han bera to turtelduer eller to dueungar til presten ved opninga til teltheilagdomen.