8 Så lenge han er nasirear, er han heilag for Herren.
9 Men dersom nokon døyr brått og uventa heilt inntil han, så hovudet hans blir ureint medan det er innvigd, skal han barbera hovudet den dagen han blir rein. Den sjuande dagen skal han barbera det.
10 Den åttande dagen skal han bera to turtelduer eller to dueungar til presten ved opninga til teltheilagdomen.
11 Den eine skal presten ofra som syndoffer og den andre som brennoffer og slik gjera soning for han, for lovbrotet som skjedde då han kom nær liket. Same dagen skal han helga hovudet sitt på nytt.
12 Han skal via seg til Herren for like lang tid som han først hadde lova, og bera fram eit årsgammalt lam som skuldoffer. Den første tida fell bort fordi hovudet hans vart ureint medan det var innvigd.
13 Dette er lova for nasirearen: Den dagen nasireartida hans er over, skal han førast fram for opninga til teltheilagdomen.
14 Han skal bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgammalt vêrlam utan feil som brennoffer, eit årsgammalt, feilfritt holam som syndoffer og ein feilfri vêr som fredsoffer,