12 Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den første dagen du vigde hjartet til å vinna innsikt og audmjuka deg for din Gud, har orda dine vore høyrde, og på grunn av orda dine er eg komen.
13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i tjueein dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste fyrstane, og hjelpte meg der eg var halden tilbake hos persarkongane.
14 No er eg komen for å få deg til å forstå kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»
15 Medan han tala slik til meg, bøygde eg andletet mot jorda, mållaus.
16 Ein som var lik eit menneske, rørte då ved leppene mine. Då opna eg munnen og tala, eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet gav meg slike krampar at all mi kraft er borte.
17 Korleis skulle tenaren til herren min kunna tala med ein herre som deg? Kreftene tek slutt, og det er ikkje livspust i meg lenger.»
18 Han som var lik eit menneske, rørte ved meg endå ein gong og gav meg styrke. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er høgt elska. Fred vere med deg! Ver sterk, ver sterk!» Og då han tala med meg, vart eg styrkt og sa: «Tal, herre! For du har gjeve meg styrke.»