10 Mange skal bli reinsa, lutra og vaska reine. Men dei urettferdige skal gjera urett, og ingen av dei skal forstå. Men dei kloke skal forstå.
11 Frå den tid då det daglege offeret blir bortteke og det motbydelege som øydelegg, blir oppsett, skal det gå 1290 dagar.
12 Sæl er den som ventar og når fram til 1335 dagar.
13 Og du, gå til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp til din lut når dagane tek ende.»