1 I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han uroleg til sinns så han ikkje fekk sova.
2 Då sa kongen at draumetydarane, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane skulle kallast inn for å fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen.
3 Han sa til dei: «Eg har hatt ein draum. Eg er uroleg til sinns og ønskjer å forstå draumen.»
4 Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Lenge leve kongen! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»
5 Då sa kongen til stjernetydarane: «Dette er mi faste avgjerd: Dersom de ikkje fortel meg både draumen og tydinga, skal de hoggast i bitar, og husa dykkar skal leggjast i grus.
6 Men dersom de fortel meg både draumen og tydinga, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og tydinga!»
7 Då svara dei andre gongen: «Berre kongen no fortel tenarane sine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»