21 Då han kom bort til hòla, ropa han på Daniel med angst i stemma: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stadig dyrkar, kunna berga deg frå løvene?»
22 Då svara Daniel: «Lenge leve kongen!
23 Min Gud sende engelen sin og lukka gapet på løvene så dei ikkje skadde meg. For eg er funnen skuldfri for han. Og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.»
24 Då vart kongen svært glad og baud at dei skulle dra Daniel opp or hòla. Då dei hadde drege Daniel opp, fanst det ingen skade på han, for han hadde sett si lit til sin Gud.
25 Kongen baud no at dei mennene som hadde ført klagemål mot Daniel, skulle hentast og kastast i løvehòla saman med borna og konene sine. Før dei var komne til botnen i hòla, rauk løvene på dei og krasa kvart bein i kroppen deira.
26 Etter dette skreiv kong Dareios til alle folk og nasjonar og tungemål over heile jorda:«Rikeleg fred!
27 Med dette byd eg at folket i mitt kongerike, så langt mitt velde rår, skal frykta og skjelva for Daniels Gud.For han er den levande Gud,han er til evig tid.Hans kongerike går ikkje til grunne,hans velde tek aldri slutt.