47 Ikkje berre gjekk du på deira vegar og gjorde dei same avskyelege tinga, men etter ei kort tid handla du på alle vis verre enn dei.
48 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde slett ikkje som du og døtrene dine.
49 Sjå, dette er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i: hovmod. Ho og døtrene hadde nok av mat og levde i fred og ro. Men ho hjelpte ikkje dei hjelpelause og fattige.
50 Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.
51 Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har handla meir avskyeleg enn systrene dine, og med alt det avskyelege har du vist at dei er meir rettferdige enn du.
52 Så må du òg ta vanæra på deg, du som med dine eigne synder har tala saka til systrene dine. Fordi du har handla meir avskyeleg enn dei, er dei meir rettferdige enn du. Så skam deg då og ber di vanære, du som har vist at systrene dine er meir rettferdige.
53 Eg vender lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vender eg lagnaden for deg.