6 Den dagen lyfte eg handa på at eg ville føra dei ut frå Egypt, til eit land som eg hadde sett ut til dei, eit land som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.
7 Eg sa til dei: «Kvar og ein må kasta bort alt det motbydelege som auga heng ved. Gjer dykk ikkje ureine med avgudane i Egypt! Eg er Herren dykkar Gud.»
8 Men dei var trassige og nekta å høyra på meg. Ingen kasta bort det motbydelege som auga hang ved, og dei vende seg ikkje bort frå avgudane i Egypt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme og bruka opp all min vreide på dei der i Egypt.
9 Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga framfor auga på folkeslaga som dei levde imellom, dei eg hadde gjeve meg til kjenne for ved å føra dei ut frå Egypt.
10 Så førte eg dei ut frå Egypt og ut i ørkenen.
11 Eg gav dei forskriftene mine og kunngjorde lovene mine for dei. Det mennesket som held dei, skal leva ved dei.
12 Sabbatane mine gav eg dei òg. Dei skulle vera teikn mellom meg og dei. Slik skulle dei vita at eg er Herren, som helgar dei.