9 Difor gav eg henne over til elskarane, assyrarane, som ho lengta etter.
10 Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk dårleg rykte på seg mellom kvinner, dom vart felt over henne.
11 Dette såg Oholiba, syster hennar. Likevel var ho verre enn systera med sin lengsel og sitt horeliv.
12 Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og stormenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman.
13 Eg såg at ho vart urein, begge gjekk dei same vegen.
14 Men endå dreiv ho sitt horeri. Ho fekk sjå bilete av kaldearar, rita inn på veggen med raudt.
15 Dei hadde belte om livet og flagrande turbanar på hovudet. Alle såg ut som dugande stridsmenn. Slik var biletet av Babels menn, dei som har Kaldea til heimland.