8 Difor seier Herren Gud:Sjå, eg lèt sverd koma over deg,eg ryddar ut både menneske og dyr.
9 Egypt skal bli øydemark og ørken,dei skal kjenna at eg er Herren.Farao sa: «Nilen er mi, eg har laga henne.»
10 Difor kjem eg motbåde deg og elvane dine,eg gjer Egypt til ruinrøys og øydemark,frå Migdol til Syene,til grensa mot Kusj.
11 Der skal menneskefot ikkje trøog dyrefot ikkje trakka.Ingen skal bu der på førti år.
12 Eg gjer Egypt til ei øydemarkmellom land som er lagde i øyde.Byane skal liggja øyddemellom ruinbyar i førti år.Eg spreier egyptarane mellom folkeslagaog strør dei ut i landa.
13 Men så seier Herren Gud:Etter førti årvil eg samla egyptaranefrå folka dei er spreidde imellom.
14 Då vender eg lagnaden for egyptarane.Eg fører dei tilbake til Patros,landet dei kom ifrå.Der skal dei bli til eit lite kongerike.