20 De seier at Herren ikkje går fram på rett vis. Eg vil dømma kvar av dykk etter hans eigne vegar, Israels hus.
21 Det var i det tolvte året etter at vi vart bortførte, på den femte dagen i den tiande månaden. Då kom det ein flyktning frå Jerusalem til meg og sa: «Byen er teken.»
22 Herrens hand var over meg kvelden før flyktningen kom. Han opna munnen min før han kom til meg om morgonen. Munnen vart opna, eg var ikkje mållaus lenger.
23 Herrens ord kom til meg:
24 Menneske, dei som bur mellom desse ruinane i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre éin, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»
25 Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, de lyfter auga til avgudane dykkar, de auser ut blod, og så skulle de få eiga landet?
26 De set dykkar lit til sverdet, de gjer avskyelege ting, de krenkjer kvinnene til kvarandre, og så skulle de få eiga landet?