5 Den som held bodet hans,røyner ikkje noko vondt;den vise kjenner i hjartetden rette tida og vegen.
6 For allting som blir gjort, har si tid og sin veg,og det vonde som ventar på mennesket,kviler tungt på han.
7 Han veit ikkje kva som skal henda.For kven kan seia han kva som skal skje?
8 Ingen har makt over vindenså han kan halda han att.Og ingen rår for sin dødsdag.I krig slepp ingen fri,lovløyse bergar ikkje sin mann.
9 Alt dette såg egdå eg merkte meg alt som skjer under sola,når eit menneske har makt over eit annaog gjer han skade.
10 Vidare såg eg at urettferdigevart lagde i grava,medan dei som kom og gjekk frå den heilage staden,dei som hadde gjort det rette,vart gløymde i byen.Dette òg er fåfengt.
11 Om dommen over vond gjerningikkje straks blir sett i verk,får menneska mot til å gjera det vonde.