6 Ingen er som du, Herre.Du er stor,namnet ditt er stort og mektig.
7 Kven må ikkje frykta deg,du konge over folkeslaga?Det er din rett.For mellom alle vismenn hos folkeslagaog i alle rike er ingen som du.
8 Alle som ein er tåpelege og dumme,opplærte av tomme gudar,ein trestokk.
9 Det hamra sølvet er innført frå Tarsisog gullet frå Ufas.Det er verk av treskjerar og gullsmed,kledd i blått og raudt purpur,kunstverk alt saman.
10 Men Herren er den sanne Gud,den levande Gud, den evige kongen.Jorda skjelv for hans harme,folkeslaga kan ikkje halda ut hans vreide.
11 Dette skal de seia til dei:«Dei gudane som ikkje skapte himmel og jord,skal utryddast frå jordaog under himmelen.»
12 Han laga jorda med si kraft,han grunnla verda i sin visdomog spente ut himmelen ved si innsikt.